om skrot, katt og atter skrot. kanskje litt håndarbeid.

Tuesday, December 18, 2007

ferdig.

no kan eg altså endelig skryte av denne helvetesjobben som eg gjorde for ein stund siden.
naiv og optimistisk som eg nokon gong kan vere meldte eg meg på eit slags julekort-along. det var riktignok søm, men siden eg ikkje kan sy fekk eg lov å lage kort på eit anna vis. hadde planer om å sage ut eit julemotiv frå ei kobberplate, men fekk det ikkje til. og tida gjekk og eg hadde ingenting å sende, eg blei panisk.
til slutt, i løpet av 2 dager og ei natt, klarte eg å pønske ut denne nødløsningen her. det fyrste eg kom opp med var strikketøyet i wire, så trengte eg berre ein juleskikkelse til å holde strikketøyet. kva er det enklaste å teikne? sikkert ikkje noko nisse, men snømann var greit. den består jo berre av store runde kuler, det skulle eg få til. siden snøMENN vanlegvis ikkje strikker, så trengte snømannen pupper.




sjølve snødamen har eg malt 2 gonger. fyrste gong i oljemaling siden det var det eg hadde i hus. men oljemalinga tørket aldri (den er endå ikkje tørket, ca ei veke seinere). så måtte eg labbe på butikken og kjøpe akryl og male snødamen om igjen. blei ikkje like fint, men tørket.






strikketøyet har eg strikka sjølv i wire. i anledningen klarte eg å bøye strikkepinnene, wire er litt stri å strikke med.


















katten er lagd av bjørkebark som eg skrapa frå fyringsveden her i huset. værhårene er sytråd, som eg brukte til å fyrst sy hodet til katten også heile katten til kortet i samme slengen.






















hatten er også bark frå fyringsveden. stjernene er "broderte" i samme wire`ren som strikketøyet. NB! lag fyrst hull med synål, også trå wire gjennom. det blir penere.












bakgrunnen er vanleg teiknepapir ikledd silkepapir som kom i hus sammen med ein juleblomst eg kjøpte.
eg har altså eigentleg gått gjennom kåken og sett etter mulig materiale. einaste eg var nødt til å kjøpe var filt til nesen og akrylmalinga.

da alt var ferdig så trengte eg berre å lime fast den svarte pappen bak. også viste det seg at limpistol ikkje er det rette verktøyet fordi det blei berre tjukke klumper, men pappen blei berre delvis limt fast. var nesten slik at alt blei ødelagd, men eg klarte å skrape av limen og pappdelene.

herregud. eg er så glad for å vere ferdig med jobben. skal aldri igjen melde meg på noko along, det viste seg at eg har eit problem med frister og det å levere noko innafor ei frist.



eg kritiserer jo teknikken "scrapping" for mangel av fantasi, siden alle elementer og motiver av eit kort er masseprodusert salgsvare. greit nok at plasseringa på kortet er individuell, men så lenge alle elementer kun er innkjøpte så er mi meining at resultatet ikkje er bærer nok personleg preg.
mitt utflykt til scrappe-verdenen, det er mine ideer, mine former, alt er mitt. arrogant som eg er så vil eg sei at det er bedre. Men herregud, for ein jobb det er.
eg skal ikkje slutte å kritisere scrapping for mangel av fantasi, men eg har fått bedre forståelse for å velge den enkle veien der ein kjøper alle motivene, for det ER ein helvetesjobb å leite etter material, klippe ut, ikkje vere fornøyd, finne meir material og prøve ein gong til, forhåndsforsøke alt før det kjem på kortet, forkaste ideer og prøve noko nytt, slåss med limpistol. det er mykje enklere å kjøpe alt og berre lime på, eg har fått forståelse for det.
eg for min del ser på dette kortet som mitt fyrste og siste utflykt til scrapping-verdenen. aldri aldri meir.

Labels:

Wednesday, October 05, 2005

veg

pusabeistet er ute på tur. enten hører han ikkje at eg mjauar på han, eller så er han for opptatt. det tek til å regne. og eg tenkjer at eg likegodt kan ta meg ein liten tur gjennom parken for å sjå om eg ikkje møter pusabeistet. i parken ser eg plutseleg at det er utroleg mange vegar her, pinnsvinvegar, fugleluftvegar. maurveg rett fram for meg. lydlause og usynlege kattespor kan eg berre ane meg fram til. mens eg står der hører eg eit kjennt mrrr..., da har pusen funne meg istedenfor. det er jo lettere for han. menneskevegar tek jo mest plass.

Labels:

Tuesday, September 27, 2005


pusabeistet er blitt eldre

Labels:

Friday, September 23, 2005

verdens beste jobb & slåssing med fjortisser

Eg har verdens beste jobb å kombinere med studiane, eg er tilsynsvakt ved ein skule på kveldstid. Jobben går i å låse opp for idrettslag som bruker gymsalen, ta ut litt boss, passe sånn generellt på huset, ikkje la uvedkommende inn i skulen, passe på at alt er låst og slår av lyset når eg går heim. Dette betyr at eg har god tid å sitte og lese, sjølv om eg er veldig nøye med å gå låserunde og sånn. I fyrste veka hadde eg konstant dårleg samvet og lurte på kva del av jobben eg ikkje hadde fått med meg. Det kunne jo ikkje vera sannt at det var så lite å gjera. Sa i frå at eg godt kunne få noko å gjera, men det var rett og slett ingenting. så satt eg i gang og leste pensum, framleis med litt dårleg samvet. Andre må ta opp lån mens eg får betalt for å sitte og lese, eg er så priviligert at det nesten er litt flaut.

men etter kvart vart eg kjennt med dei kjipe oppgavene. Da er det fjortisser som syns at det er utroleg kjekt å lure seg inn slik at eg skal springe etter dei. I dag kaster dei faktisk ein halvfull åpen Cola-flaske inn i inngangen, slik at det blei søl overalt. Eg var så sint! Men til slutt fekk eg dei til å vaske opp etter seg, med vann og mopp og alt. ("Er du dansk?" "Nei, eg er tysk. Og tyskere er grusomme. Skal du ta sjansen å ikkje vaske etter deg?" eller: "Liker du jobben din?" "Jau, det er jo kjekt å tvinge barn å vaske etter seg")Dei vaska iallefall og det er jo ganske bra. Men det er så kjipt å måtte vera kjip. Og det å vera kjip funker jo berre ein gong. Etterpå prøver dei å lure deg frå andre kanter. Eg kunne trengt pedagog-utdanning på den jobben der. Kanskje kommunen sender meg på kurs?

Thursday, September 22, 2005

..... også blir han alltid så glad når han kjem inn igjen, gjennom kjøkkenvindauget. lager sånne søte mrrr lyder, halen til værs. hehe. er glad i denne lille fyren. han hilste på meg, og så rett på matskåla.
har vel blitt kattefrelst.

Labels:

han har litt dårleg ånde.....

Labels:

pusabeistet og eg

det var ikkje planlagt å ha katt. det har berre blitt sånn. pusabeistet vart funne i parken og ingen ville ha han. da har eg gitt han eit heim. han er ikkje takknemlig, men det er fordi han er katt. han tek det for gitt at han er kongen i huset. og det er han. pusa-kongen.
me har det bra, me. eg kjem når han mjauer på meg. og han kjem når eg mjauer på han. er i gang og bygger katteluke og kattestige fordi han blir meir og meir voksen kvar dag. han skal jo kunne vera sjølvstendig.
akkurat no ligg han der og dreg seg. Det er jo så slitsam å vera katt!
(eg skal prøve å bli katt til neste liv.)
skrotnissen

Labels:

pusabeistet


det er pusabeistet.

Labels: